Invitasjon til kurs

Publisert av Torbjørn Mannsåker den 04.05.26.

Norsk Bobil og Caravan Club avd. Sogn og Fjordane inviterer til kurs for medlemmer og dei som vurderer å bli medlem.

Kurset er gratis og blir halde i samarbeid med Fossedal Trafikkskule i Førde laurdag 6. juni. Frå kl. 12.00 til ca kl. 15.00.

Fokus på kurset vil vere tryggleik i trafikken med bubil og campingvogn, oppdatering på nye reglar og oppfrisking av kunnskap, utfordringar i trafikkbildet, korleis sikre last i bil og vogn, reglar for vekt og førarkort, kva bør ein vite om ein vil til utlandet og kvifor bør ein vere medlem i NBCC.

Vi legg opp til å ha ei sosial samling etterkant av kurset på Førde Camping for dei som ønskjer det – aktivitetar i samband med det får deltakarane informasjon om seinare.

Påmelding til Magnus Vie, e-post vie.magnus@gmail.com