Invitasjon til kurs UTSATT

Publisert av Torbjørn Mannsåker den 04.05.26. Oppdatert 29.05.26.

Kurset som var planlagt i samarbeid med Fossedal Trafikkskule den 6. juni har dessverre blitt utsatt til 22. august. Vi samkjører da kurset med høsttreffet vårt.

Norsk Bobil og Caravan Club avd. Sogn og Fjordane inviterer til kurs for medlemmer og dei som vurderer å bli medlem.
Kurset er gratis og blir halde i samarbeid med Fossedal Trafikkskule i Førde laurdag 22. august. Frå kl. 12.00 til ca kl. 15.00.

Fokus på kurset vil vere tryggleik i trafikken med bubil og campingvogn, oppdatering på nye reglar og oppfrisking av kunnskap, utfordringar i trafikkbildet, korleis sikre last i bil og vogn, reglar for vekt og førarkort, kva bør ein vite om ein vil til utlandet og kvifor bør ein vere medlem i NBCC.

Vi legg opp til å ha ei sosial samling etterkant av kurset på Førde Camping for dei som ønskjer det – aktivitetar i samband med det får deltakarane informasjon om seinare.

Påmelding til Magnus Vie, e-post vie.magnus@gmail.com